Tango og tuba

Bjørnstjerne Bjørnsons plass 1,Oslo, Norway, Oslo, OS, NO

(a month ago)

Organiser: Kringkastingsorkestret (KORK)

Poster for Tango og tuba on Thursday, November  7 by Kringkastingsorkestret (KORK)
Tango

Tubaist August Schieldrop
Foto: NRK

Jan Fredrik Heyerdahl– Journalist
Journalist
Publisert 30. mai kl. 09:00 Oppdatert 20. aug. kl. 15:20
Atle Sponberg, fiolin og leiar
August Schieldrop, tuba

Håkon Skogstad: Konsert for tuba og strykarar (urfr.)
Tangomusikk i utsøkt utval (ei musikalsk reise gjennom mange land)
Det er tid for nok ei urframføring, og denne gongen med nokre uventa musikalske svingar. Håkon Skogstad er ein pianist og komponist som har dukka djupt ned i den argentinske tangoen og arven etter Piazzolla. Samstundes søker han etter nye måtar å uttrykke tangoen på i dag, med impulsar frå samtida, jazz og klassisk. Ein ny dimensjon kjem inn i det heile når Skogstad skriv ein konsert for eit instrument vi ikkje til vanleg forbind med tango. Tubasolisten er ein av dei fremste unge norske musikarane - uansett instrument. August Schieldrop er ein som på virtuost vis visar oss moglegheitene som ligg i ein tuba, og han har urframført fleire verk av norske komponistar.

Strykarane blir leia av tidlegare konsertmeister i Kork, Atle Sponberg. Han har i mange år vore ein av dei fremste tango-fiolinistane i Noreg. I andre del av konserten tek han publikum med på ei reise i den fascinerande historia til tangoen. Kor kjem han ifrå, kor har den vandra og korleis blei tangoen til den musikken så mange av oss elskar?

Map of the area around Bjørnstjerne Bjørnsons plass 1,Oslo, Norway, Oslo, OS, NO

Event found via web search, treat this information with caution.